Harry Houdinis elefant
Det er Norway cup og 16 år gamle Anders Hovden sit klar på reservebenken. Akkurat då får han beskjeden han minst av alt vil ha: Den biologiske far hans, premiekødden over alle premiekøddar - som aldri har ønskt kontakt med sonen - har fått kreft. Faren har eitt siste ønske: Å få møte Anders før han døyr. Det skal ikkje handle om fotball likevel denne veka. Det skal handle om dei store tinga: Om livet, døden og kjærleiken. I omtrent den rekkefølgja. Harry Houdinis elefant er ein intens roman som tar lesaren med frå fotballturnering via Radiumhospitalet og ut på landsbygda der bilvraka ligg strødde.